PRIORITERING: Rådsmøtet på Gardermoen 21. september vart avklarande med tanke på kva som skulle leggjast fram for generalforsamlinga. Generalsekretær Erik Furnes innleia med ein statusrapport for strategiplanen. FOTO: PETTER OLSEN

Langt års ferd mot generalforsamling

GF Mange stemmer har ytra seg før ImF-styret no har lagt fram sak 4 til GF: Organisering og struktur i ImF. Saka er ikkje eit sluttprodukt, men starten på GF-året Vol 2.0.

– Me får ikkje berre ei generalforsamling (GF), men me får eit GF-år som involverer alle delar av organisasjonen, sa generalsekretær Erik Furnes da Sambåndet for eit år sidan skreiv om GF-året fyrste gong.

Målet og ynsket for GF-året var ein grundig samtale og prosess der ein mellom anna ville finne svar på kva nytte forsamlingane har av krets og forbund, korleis tilbodet frå desse harmonerer med det forsamlingane treng, og korleis økonomien skulle gå i hop.

– Det handlar om å løfta blikket. Hovudoppgåva til ImF no slik eg opplever det, er å byggja fellesskap. Spørsmålet er korleis ImF tener den hensikta, poengterte Furnes i samtale med Sambåndet.

Merkesteinar.

ImF-styret gjekk samrøystes inn for planane etter ei grundig drøfting på møtet 21.–23. september tidlegare på hausten. Samstundes vart det vedtatt at GF skulle avviklast som ein del av Lederkonferansen 2019. Ei endeleg momentliste vart vedtatt på neste styremøte, 24. november. Vidare framdrift vart som dette:

Seinast 1. januar 2019 skulle ImF sende ut ein «samtale-pakke» til alle krinsar, forsamlingar og foreiningar. Denne skulle handsamast hos lokale einingar på deira års- og medlemsmøte før krinsane fekk saka på bordet på sine årsmøte seinare på våren. I tillegg skulle det setjast av tid under ferievekene på Lyngdal Bibelcamp til GF-arbeid i plenum. Siste etappe skulle vera Rådsmøtet 21. september. 

Aktiv krinsprosess.

Like før utsending vart det bestemt at krinsane sjølv, ikkje ImF sentralt, skulle stå som avsendar då spørsmålspakka vart «sendt» til lokallaga.

– Mitt inntrykk er at alle krinsane gjorde eit heilhjarta forsøk på å nå alle sine foreiningar, forsamlingar og lag, men nokon gjorde nok meir enn andre for å skape samtale og fora der ein kunne få både undervisning og samtale, seier Erik Furnes til Sambåndet no i ettertid.

Sambåndet skreiv om desse aktivitetane i si februarutgåve. ImF Sunnmøre hadde mellom anna vald å ta dette inn som ein del av sin eigen strategiprosess, ImF Midthordland melde at dei skreiv om det i sitt krinsblad og sende grundig info. til sine foreiningar og forsamlingar, og fleire av krinsane melde om lokale møte, eigne møte i regi av krinsen, og at det skulle viast god tid til samtale på årsmøtet.

Talarhjelp.

PRESENTASJON: I Misjonsrådet i mai vart dei lokale innspela presenterte for første gong. FOTO: Petter Olsen

Då Misjonsrådet – som består av representantar for krinsleiingane, forsamlingane, forstandarar i ImF trussamfunn og leiargruppa i ImF – var samla i 13.–14. mai, vart dei fyrste tilbakemeldingane presentert. På det tidspunktet hadde 42 lokale einingar gitt sine innspel, og nokre av krinsane hadde også hatt sine samlingar. Det sterkaste ynsket frå lokaleiningane då, var talarhjelp. Heile 32 av 42 nemnde dette konkret. Vegleiing for liv og lære, felles lover og retningslinjer, ressurspersonar, ulik form for kursing og opplæring, behov for tilsynsordningar, og hjelp til administrative oppgåver, var også på lista over kva ein treng ImF sentralt til også i framtida. Det var også eit generelt positivt inntrykk av korleis ImF er organisert, og det var semje om at kvar eining må vera «sjølvfinansiert», med unntak av einingar som tener heile fellesskapet.

Misjonsrådet, som ikkje var nemnd som ein merkestein i den fyrste planen over framdrift, sette ned ei arbeidsgruppe som skulle arbeide vidare med innspela, samt samle inn resten av innspela frå krinsar og samtale på Bibelcampen, og leggje dette fram for Rådsmøtet 21. september. Rådsmøtet består av Misjonsrådet, rektorar, leiarar i ImF-ung samt andre inviterte.

Brei tilbakemelding.

Til septembermøtet var talet på tilbakemeldingar auka til 50.

– Ein kan ikkje vere nøgd med det talet, men samtidig trur eg det gav ei representativt utval av ulike synspunkt som eksisterer i organisasjonen, seier Erik Furnes.

Generalsekretæren trur den samla tilbakemeldinga likevel er breiare.

– Ja, i og med at krinsårsmøta også har handsama dette, trur eg ein kan seie at alle har fått temaet klart for seg, blitt lytta til og fått anledning til å gje sine innspel. Rådsmøtet 21. september kunne dermed gjere eit oppsummeringsarbeid som gir GF eit godt grunnlag.

LEIAR: Avtroppande ImF-formann Odd Asbjørn Nybø samlar troppane på Rådsmøtet. FOTO: PETTER OLSEN

I oppsummeringsarbeidet på Rådsmøtet var det særleg to moment som peika seg klart ut når alle innspel var sortert og arbeidd grundigare med enn det var ved Misjonsrådet. Det handla om struktur og organisering, samt behovet for forsamlingstilsyn og nettverksbygging.

– Når styret no set «Organisering og struktur i ImF» som sak for GF, er det fordi Rådsmøtet har prioritert det høgst, og «Åndeleg leiarskap og tilsyn» er ein god nummer to, skriv styret i si innstilling.

Les òg: En god dag på Gardermoen (Synspunkt frå Sambåndet 10/19 om Rådsmøtet.)

Nytt GF-år.

Under GF vil det bli lagt fram moglege framtids-scenario frå eit forsamlingssynspunkt og frå eit krinssynspunkt – kanskje også frå ImF sentralt, heiter det i sakspapira. På den bakgrunn vert det gruppesamtale og plenumsoppsummering, der synspunkta vert tekne med i ein naudsynt prosess fram til neste GF.

– Alle med innsikt i ImF si oppbygging veit at GF ikkje kan gjere vedtak om organisering og struktur som er bindande for krinsar og forsamlingar/foreiningar i organisasjonen. På bakgrunn av det vi opplever er ein omfattande prosess i nært samarbeid med krinsane våre, legg vi likevel fram eit forslag til vedtak der GF gir eit sterkt signal til heile organisasjonen om å arbeide målretta og seriøst med desse spørsmåla den neste perioden.

Dermed er GF-året 2019 i ferd med å gå over i GF-året del 2. Dersom forslag til vedtak går igjennom, vert alle krinsane bedt om å forplikta seg på eit vidare arbeid i tett dialog med ImF, med eigne arbeidsgrupper der også forsamlingane er med, fram mot GF i 2022. Målet er å «å finne fram til ein mest mogleg tenleg organisasjon og struktur for å nå lengst mogleg med vårt misjonsoppdrag». Det vert også foreslått at styret skal arbeide aktivt for å styrke det åndelege leiarskapet i einingane, mellom anna ved å byggje kompetanse og tenlege ordningar for tilsynsteneste inn mot forsamlingar.

Les òg: En god dag på Gardermoen (Synspunkt frå Sambåndet 10/19 om Rådsmøtet.)

NYHET: Indremisjonsforbundet lanserer egen podcast – Lydbåndet. To episoder er publisert. I denne GF-spesialen forklarer generalsekretær Erik Furnes i ImF hvorfor generalforsamlingen 2019 ble et GF-år.

0 replies

Legg igjen et svar

Want to join the discussion?
Feel free to contribute!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.